Alle rettigheter 2019 Hol kirkelige fellesråd

Smooth Operators til Geilo kulturkyrkje


Lørdag 14.september kommer Smooth Operators til Geilo kulturkyrkje. Dette er ei gruppe på fire som også representerer ulike generasjonar, og som har laga ett programmet om Dylan sin 1960-tals periode.

 

Det har blitt om lag 25 konsertar rundt omkring så langt. Fenomenet er interessant sett frå fleire synsvinklar: Musikalsk, kulturelt, politisk og samfunnsmessig.

Meir enn nokon tok Dylan si samtid på pulsen, han var der før dei andre med sin ofte krasse og bitande bodskap. Han kunne vera like lite nådig mot sine eigne tilhengjarar som mot den samfunnseliten han kritiserte mest. Den vonde bodberaren sparte ingen.

Programmet vi framfører er sett saman av 12 songar frå tiåret då Dylan mot sin vilje vart ropt ut som leiar og vegvisar for ein heil generasjon. Mellom songane fortel vi historia om korleis Dylan sin musikk og lyrikk utvikla seg. Korleis han speglar den politiske og kulturelle utviklinga i USA, og korleis han var sentral i utforminga av det vi i etterkant kan kalla 1960-talsuttrykket.

Det han syng om, er på mange måtar like aktuelt no som det var den gongen. Vi kan lova ein dryg time med stort engasjement og god stemning!

Billetter: Barn u 16 år: gratis / Studenter kr 50,- / Voksne kr 150,- fås kjøpt i Geilo kulturkyrkje

Tilbake