Alle rettigheter 2019 Hol kirkelige fellesråd

Hol Kyrkje


Hol kyrkje ligg i Hagafoss og vart innvigd i 1924 av biskop Johan Lunde. Kirken er teikna av arkitekt O. Stein, og enkelte element, for eksempel takryttaren, tårnet og runddelen mot aust minnar om gamlekyrkja i Hol sentrum.

 

Dei låge sideskipa minner om stavkyrkjene. Altarbiletet er måla av Hans Brusletto frå Geilo, og har og har motivet "Jesus velsignar barna". Hans Borgersen har skore ut detaljane av tre i preikestol, døypefont, korskranke og altartavle. I 1953 fekk kyrkja katedralglas med innfelte glasmålarstykke med motiver fra bibelhistorie og kristne symboler. Kunstnaren er Thorvald L. Ravn.

Kyrkja har to kirkeklokker frå Olsen Nauen. Dei har inskripsjoner. På den eine står det «Land! Land! Hør Herrens ord» og på den andre står det «Gloria in Exelsis Deo». Kirkesølvet består av nattverdkalk, disk, kanne, lysestaker og krusifiks. Messehaglene er frå 1924 og 1986, den siste er laget av Bjørg Abrahamsen.

Byggverket er i tre og har 400 plasser. Kirken har galleri og ett nyere orgel bygget av den norske orgelbyggeren Eystein Gangfløt.

Dei siste åra har kyrkja vore mykje i bruk til større konsertar og musikalske arrangement.

Tilbake