Jubileumshelg i Hol kyrkje


Markeringa av Hol Kyrkje sitt 100-årsjubileum vart høgtideleg avrunda med festgudsteneste i ei fullsett kyrkje sundag 6. oktober.

Variert jubileumshelg

Den raudmåla kyrkja på Hagafoss ligg strategisk plassert i krysset mellom FV50 og Rv7, som ein inngangsport til Holsbygda og har vorte omtala som ein høgfjellskatedral. I helga var det på datoen 100 år sidan kyrkja vart vigsla, og dette vart markert gjennom fleire ulike konsertar og arrangement. Publikum og gjester har fått oppleve konsertframsyning av Haugtussa, boklansering av boka om Hol Kyrkje, Daniel Kvammen i samspel med Skarvebarna, festgudsteneste med folkemusikkliturgi og høgtideleg jubileumsmarkering på Bygdahall. 


Omfattande oppussing

100-årsjubilanten har det siste året vore gjennom ei omfattande oppussing, både innvendig og utvendig, og i helga var det endeleg klart for å syne fram arbeidet som er gjort. Mykje av arbeidet som er gjort er kan hende usynleg, men likevel viktig. 24 000 heller er teke ned, vaska, sjekka og lagt på plass att. Målinga har same farge og glans som den gamle, golvet er støtta opp med nye bjelkar og profilen på listverket er nøyaktig lik den gamle. Kyrkja framstår no som meir funksjonell, og er godt rusta for 100 nye år.

- Fleire har spurt meg om kva arbeid som eigentleg er gjort, og det er vel den største stadfestinga på at restaureringsarbeidet har vore vellukka, seier leiar i Hol og Hovet Sokneråd, Ole Bjørn Kleven.


Fullsett festgudsteneste
Den siste dagen i jubileet vart markert med festgudsteneste og folkemusikkmesse, i ei fullsett kyrkje. Heile seks prestar medverka i gudstenesta, alle med tilknyting til Hallingdal. Blant desse var sokneprest i Hol, Gunni Banggren, og biskop i Tunsberg bispedømme, Jan Otto Myrseth, som også hadde dagens preike. Inngangsprosesjonen bestod av dei seks prestane, 50-årskonfirmantar og barnekoret Skrål og vart spelt inn i kyrkja til tonane frå ein reiselått frå Nes.


Folkemusikken lyfta taket 

Sentralt i gudstenesta var Jo Asgeir Lie sin folkemusikkliturgi og andre folkemusikalske innslag. Jo Asgeir Lie var sjølv med som musikar, i tillegg til organist Lars Inge Tverberg, hardingfelespelarar Ingebjør Sørbøen og Torstein Gjeldokk, langeleikspelar Ragnhild Kolsrud og songar Solfrid Nestegard Gjeldokk. Songen i kyrkja fekk også forsterking frå eit forsongarkor med songarar frå Hol og Ål, og det var som om ein kunne kjenne taket lyfte seg når heile kyrkjelyden stemte i. Barnekoret Skrål, med born frå 4 år og oppover, deltok med to songar. Dei små songarane i koret framførte «Den bortkomne sauen» med stor innleving og hadde òg urpremiere på ein heilt nyskriven song om Hol kyrkje med Amalie Mylius Løken som solist.


Høgtideleg markering på Bygdahall
Etter festgudstenesta var alle invitert til jubileumsmarkering på Bygdahall, der Hol Bygdekvinnelag stod for servering av småmat, kaffi og kaker til kring 200 frammøtte. Det vart også halde fleire taler og helsingar til jubilanten frå mellom anna Barne- og familieminister Kjersti Toppe og frå ordførarane i Hol og Ål.

- Både restaureringsarbeidet og jubileumsfeiringa vart akkurat slik me har drøymt om at den skulle bli, seier Ole Bjørn Kleven.

Se flere bilder på Facebook. 

- Hol kirkelige fellesråd

Tilbake