Kvifor du skal elska folkekyrkja


Les den flotte teksten som Marita Bjørke Ådland har skrevet om Hol kyrkje. 

KVIFOR DU SKAL ELSKA FOLKEKYRKJA

Har du køyrt forbi denne kyrkja? Og lurt på korleis det ser ut inne?

På veg heim frå hytta i dag handla eg på Kiwi på Hagafoss, i Hol kommune. Eg såg at kyrkja var open. Eg møtte ein triveleg representant fra soknerådet som raka og kosta utanfor og gjorde det fint til konsert, og til biskopen skulle komma. Han sa eg fekk lov å koma inn, han helste med eit fast handtrykk. Han fortalde med glede og stoltheit om alt arbeidet som er gjort; skinande blanke koparbeslag utvendig, ein nydeleg sal bakerst i kyrkja med flotte skyvedører i glas. (Og mykje meir). Ny asfalt utanfor, nyplanta lyng. Alt skein!

På Kiwi møtte eg damer som eg skjønte skulle laga mat til helga på samfunnshuset ved sidan av Kiwi. Mange frivillige var i sving, og dei var så oppglødde og stolte av den fine kyrkja (med god grunn!) Inne i kyrkja blei det rigga til konsert.

Og eg tenkte at dette skulle Høgre-Astrupen sett og opplevd.

Dette rommet, desse folka, denne trua, dette bygget, desse tradisjonane, denne stoltheita, dette engasjementet, denne kulturen, dette eigarskapet.

Eg har køyrt forbi så ofte og lurt på korleis det ser ut inne, og i dag fekk eg endeleg høve til å sjå. Men det som gjorde mest inntrykk, var å møta folkekyrkja - folka og kyrkja - på sitt aller beste. Eg køyrde derifrå stolt og rørt.

Marita Bjørke Ådland

Tilbake