100-årsjubileum i Hol kyrkje


I 2024 er det 100 år sidan Hol kyrkje vart bygd. 100-årsjubileet markerast med ei storstilt jubileumshelg 4. - 6. oktober, nøyaktig 100 år sidan kyrkja vart innvigd, med konsertar, festgudsteneste og markering av jubileet.

 HOL KYRKJE 100 år

Før Geilo kyrkje/Ustedalen kapell vart innvigd i 1890 var Hol gamle kyrkje på 1200-talet den einaste kyrkja i Hol Kommune og prestegjeld. Behovet for ei ny, og større kyrkje vaks fram, og den nye kyrkja vart innvigd sundag 5. oktober 1924. Den gongen møtte kring 1200 personar fram for å vera til stades under opninga, om lag 700 personar meir enn det er plass til i Hol Kyrkje.

Nøyaktig 100 år etter at Hol Kyrkje vert innvigd skal jubileet markerast gjennom ein helg med både konsert og festgudsteneste. Lokale musikarar og lokale musikktradisjonar vil vera sterkt representert på dette jubileet, og publikum kan få oppleve konsertar med både Frøy Hovland Holtbakk, Daniel Kvammen, lokale barnekor og folkemusikkgudsteneste med lokale musikarar.


PROGRAM FOR HELGA

FREDAG 4. OKTOBER:

Kl. 19:00 HAUGTUSSA

På denne konsertforestillinga vert eit rikt utval av Arne Garborg sine originale tekstar om Haugtussa presentert. Haugtussa er ein diktsyklus skrive i 1895, og reknast som eit hovudverk innan norsk nasjonallitteratur. Diktsyklusen fylgjer den synske ungjenta Veslemøy, også kalla Haugtussa. Veslemøy kan sjå dei hemmelege kreftene, driftene og villskapen i mennesket, og fører sjølv ein indre kamp som kan sjåast som eit symbol på kampen mellom det gode og det vonde i menneskesinnet. Komponisten Edvard Grieg lot seg begeistre av dette verket, og gav i 1898 ut Opus 67, som er åtte songar med utdrag frå Haugtussa.

Skodespelar Ola B Johannessen framfører teksten medan sopran Frøy Hovland Holtbakk og pianist Thormod Rønning Kvam står for tolkinga av den musikalske Haugtussa, op. 67 signert Edvard Grieg. Frøy Hovland Holtbakk er songar og lyrisk sopran frå Skurdalen, og frå 2024 har ho gått inn i ein åremålsstilling ved Nasjonaloperaen.

Framsyninga er ein del av ein større jubileumsturné som både markerer at det i 2024 er 100 år sidan Garborg sin bortgang.

Medverkande:
Ola B. Johannessen, skodespelar
Frøy Hovland Holtbakk, vokal
Thormod Rønning Kvam, piano
Tekstutval, regi og konsept: Ola B. Johannessen


LAURDAG 5. OKTOBER:

Kl. 15:00 BOKLANSERING
På Vika velferdssenter

Knut Medhus har i samarbeid med Astrid Tingstad og Torstein Seim skrive ned 100 år med kyrkjehistorie. Resultatet er praktpoka «Hol kyrkje – 100 år».

Det vert signering av boka, musikalske innslag, kaffi og kake. 

Dette arrangementet er gratis

 

Kl. 20:00: DANIEL KVAMMEN MED SKARVEBARNA
Geiloartisten Daniel Kvammen har spelt konsertar på alt frå landets største festivalar til ein mykje omtala hytteturné på Hardangervidda. Frå Gaustadtoppen til Rockefeller. Ulike format, men alltid med den same nærleiken til eit stadig vaksande publikum. Kvammen sine låtar har vist seg å vera sterke, anten dei vert framført med fullt band, som nedstrippa triovariant eller framført åleine.

Til 100-årsjubileet til Hol Kyrkje får vi oppleve Daniel Kvammen og bandet hass i eit heilt spesielt samarbeid med det lokale barne- og ungdomskoret Skarvebarna.


SUNDAG 6. OKTOBER

kl. 11:00: FESTGUDSTENESTE M/ BISKOP JAN OTTO MYRSETH

100-årsjubileet vert avslutta med foilkemusikkgudsteneste og påfølgande jubileumsprogram på Bygdahall. Folkemusikkgudstenesta vil i tillegg til Jo Asgeir Lie sin folkemusikkliturgi innehalde musikalske bidrag frå fleire lokale musikarar frå Hol og Hallingdal, og ha fokus på lokal musikk og lokale musikktradisjonar.

13:00: HØGTIDELEG MARKERING AV JUBILEET på Bygdahall
Etter festgudstenesta er alle invitert til Bygdahall og ei høgtideleg markering av 100-årsjubileet.  Barne- og familieminister Kjersti Toppe er til stades. Her blir det servering av småmat, kaker og kaffe, helsingar og taler til jubilanten, og ei lokalhistorisk utstilling knytt til lokale skikkar knytt til kyrkjebruk.

OBS: Det er førehandsmelding til markeringa på Bygdahall. Send sms til 922 48 884 eller 412 32 928 med namn og antal.


Fylg med på https://hol.kirken.no/ for meir informasjon.

Billettar til alle arrangementa kan kjøpast her: https://billetto.no/…/8d5ba604-e0d1-449c-9c7c-7b8675cbf221

 

Tilbake