“Frid i skogen den grøne” er eit nyskrive eventyr av den kritikarroste forfattaren Sigmund Løvåsen og handlar om å reise eller flykte bort frå seg sjølv i søking etter noko anna enn det ein kjenner, på leit etter fellesskap og venskap.
Foto: Thor Hauknes
Geilo kulturkyrkje
Tysdag 25.oktober kl. 18:00
Forestillinga er ein samproduksjon mellom Margit Myhr og Riksscenen og hadde urpremiere på LilleRiksen i 2021.
Skodespel, dans og song: Margit Myhr Manus: Sigmund Løvåsen
Regi: Jimmy Meurling
Komponist og musikar: Helga Myhr Scenografi, kostyme og plakatdesign: Monica Valsø
*
Billett vaksen: kr 150,-
Billett barn: kr 50,-
Billett kjøpast i billettluka.
Før konserten (fra kl 17:15) har Ten Sing United kaféen åpen for salg av lapper, fruktbeger, saft og kaffe/te. Velkommen!
"Har de nokon gong ridd på ein daud elg som brasar gjennom tett granskog så kvistane slår dykk i andletet, spindelvevet klistrar seg til armane dine og vinden bles håret ditt rett ut? Nei? Tenkte meg det. Eg er Frid i skogen den grøne, Frid fri som fugl."
