Her er artistane for årets sommarkveldar!


Sommarkveld i gamlekyrkja er ein konsertserie som går av stabelen kvar tysdag i heile juli, og byr på ei variert blanding av musikk med lokale, nasjonale og internasjonale artistar. I år kjem Ole Paus, Ramona Fossly, Hanna Gravdal, Leyla Holtan, Espen Wensaas, Bjørn Kåre Odde og Øystein Nicolaisen med orkester.

Etter kvar konsert er det som vanleg triveleg svalling på kyrkjebakken med servering av gratis kaffi og kaker. Velkomen te Hol gamle kyrkje i sommar! 🤩

 

Ole Paus i gamlekyrkja 5.juliTysdag 5. juli kl. 20.00: Ole Paus

Ole Paus fylte i år 75 år. Han har i mange år både gleda og irritert nordmenn med sine tekstar, og var ein av dei mest sentrale musikarane under «Visebølga» i Norge på 1970 talet. Han står bak fleire folkekjære songar, mest kjent er truleg «Mitt lille land», «Innerst i sjelen» og «Engler i sneen». Til Hol gamle kyrkje kjem Ole Paus saman med gitaren sin og vi gje oss ein sommarkveld med lun song og låge skuldre.

Kjøp billettar på Hallingbillett.no - her!

Tysdag 12. juli kl. 20.00: Ramona og vennerRamona Fossly, Hanna Gravdal og Leyla Holta kjem til gamlekyrkja 12.juli

Ramona Fossly er yngst av 3 systrer, alle med musikalske talent. Ramona har siste året vore I Nashville, Tennessee og studert musikk. På konserten i Hol gamle kyrkje har ho med seg to venninner, Hanna Gravdal og Leyla Holtan. Me kan love dykk spennande musikk!

Billettar får du kjøpt på Hallingbillett.no og i døra!

Espen Wensaas kjem te gamlekyrkja saman med felespelar Bjørn Kåre Odde tysdag 19.juliTysdag 19. juli kl. 20.00 : Espen Wensaas og Bjørn Kåre Odde

Espen Wensaas, gitarist og multiinstrumentalist, er født og vaks opp på Geilo, no busett i Oslo. Han er anerkjent som ein av dei leiande utøvarane av norsk og skandinavisk folkemusikk, og har samarbeidd med ei rekke artistar. I mai kom Espen og Bjørn Kåre ut med ei plate saman med folkemusikk frå Gudbrandsdalen. Bjørn Kåre er frå Lom, spelar fele og komponerer musikk og var årets folkemusiker under Folkelarmprisen i 2019.

Billettar får du kjøpt på Hallingbillett.no og i døra!

 

Øystein Nicolaisen kjem te gamlekyrkja 26.juliTysdag 26. juli kl. 20.00: Øystein Nicolaisen og sonen Stian med komp

Øystein Nicolaisen, født på Ål, no busett i Gudbrandsdalen, er ein av dei aller fremste utøvarane på torader og trekkspel. Han har gjennom åra vunne det som vinnast kan på ulike kappleikar, han har spelt inn fleire plater, han har komponert mang ein melodi, og i mange år har han vore svært ivrig med å få lært opp nye spelemenn på torader slik at tradisjonen blir boren vidare.

På konserten i Hol gamle kyrkje har han med seg sonen Stian, 18 år, som også har vorte ein framifrå utøvar.

Billettar hos Hallingbillett.no og i døra!

 

Visuell profil laget av kunstnar Gunnveig Nerol!

 

Tilbake