Julekonsert med Daniel Kvammen


Julekonsert med Daniel Kvammen


"Fra bygd til bygd", i kulturkyrkja søndag 20. desember.

Søndag 20. desember kl. 20.00

Geilo kulturkyrkje

Billeter: 495,-  Trykk her for å kjøpe billetter


Denne førjulstida inviterer Daniel Kvammen til ei stemningsfull julekonsert i flotte Geilo kulturkyrkje. Med si varme stemme, nære formidling og personlege tekstar skaper han ein kveld der julestemninga verkeleg får senke seg.

Etter fjorårets suksess tek Daniel igjen juleturneen ut på bygda. Det blir ei musikalsk reise gjennom vinterlandet, der han vitjar kapell og grendehus for å dele songane og forteljingane som høyrer jula til. Han ønskjer å bringe jula tilbake dit ho høyrer heime: i møtet mellom menneske, i varmen frå fellesskapet og i roa som finst midt i mørketida.

I Geilo kulturkyrkje får publikum oppleve ei konsert som både er jordnær og høgtidsstemt, med kjende juletonar, eigen musikk og forteljingar som rommar både ettertanke og glede.

Dette blir ein kveld fylt av varme, nærleik og ekte julestemning, akkurat slik jula skal kjennast.

Arrangør: FKP Scorpio

Tilbake