Sommarkveld: KNUT ANDERS SØRUM


Sommarkveld: KNUT ANDERS SØRUM


Totensoul, stor stemme og tett duoformat i gamlekyrkja.

Hol gamle kyrkje

Tirsdag 21.juli kl. 20:00

Bill.pris: kr 400 + bill.avgift (Billetter på TicketCo og i døra)

 


Knut Anders Sørum er kjend for den varme røysta si, sitt lune vesen og dei særmerkte låtane sine i sjangeren han nærast har fått æra for å ha skapt: «Toten-soul» – soul på totendialekt. Med album som Ting flyt (2013), Audiens 1:1 (2016), Dom vonde orda (2019) og julealbumet frå 2021 har han markert seg som ein av våre mest originale artistar. Mange kjenner han òg frå Stjernekamp (2016), der han imponerte stort og vann heile konkurransen. Musikalsk har Sørum ofte vorte skildra som eit møte mellom Prøysen og John Legend – eit treffande bilete på både uttrykket og inspirasjonskjeldene hans.

Denne konserten får vi møte Sørum der det er både svingande og intimt, og publikum kjem tettare på både musikken og musikarane. Her kan du vente deg songar frå fleire periodar i karrieren – og kanskje nokre overraskingar undervegs.

Tilbake