Prisvinnande visesongar med røter i lyrikk, folkemusikk og skoglandskap.
Hol gamle kyrkje
Tirsdag 7.juli 2026 kl. 20:00
Bill.pris: kr 350 + bill.avgift (Billetter på TicketCo og i døra)
Årets første artist i konsertserien Sommarkveld i gamlekyrkja er visesongaren Erik Lukashaugen. Elverumsingen er ein av Noregs mest travle artistar, med rundt 100 konsertar i året.
Lukashaugen fann den musikalske forma si i møtet med lyrikken til Hans Børli, og har sidan gjort seg bemerka med tonesette dikt, eigne tekstar og melodiar med tydelege spor av norsk folkemusikk og vise-tradisjon.
Debutalbumet Av en sliters memoarer (2013) vart svært godt motteke, og han fekk Vidar Sandbecks kulturpris Regnbågåbrua. Sidan har han gitt ut fleire sterke album, mellom anna Tel si ega tid, Finnskogvegen, Det vi rakk og Midt på treet (2024), som alle har fått gode meldingar. I 2025 kom Bumerke, med nye viser til tekstar av Einar Skjæraasen.
Vi gler oss til å få høyre eit rikt og stemningsfullt repertoar når Erik Lukashaugen kjem til Hol gamle kyrkje tysdag 7. juli 2026.