Solhov – Platesleppturné!


Solfrid Nestegard Gjeldokk og Espen Wensaas kjem i desember 2023 med sitt fyrste felles plateprosjekt: Solhov. For å markere platesleppet legg dei ut på ein todagars mini-turné i Hallingdal - og Skurdalskyrkja er ei av stoppestadane.

Foto: Isa Holmgren

Billetter

Lørdag 2.desember / 19:30
Skurdalskyrkja
Billetter i døra

 

Om konserten

Resultatet av dette samarbeidet er ei mollstemt juleplate, og med seg på laget har dei Lars Inge Tverberg (tråorgel) og den svenske folkemusikaren Johan Hedin (nøkkelharpe).

Store deler av låtane på plata har vinter, jul, kveld og mørketid som tema, og inkluderer både salmar, religiøse folketoner og andre folkemelodiar. Tittelen for plata, Solhov, er eit anna ord for vintersolkverv, og speglar godt tematikken på plata. Tilfeldigheitene ville ha det til at alle låtane på plata er i moll – eit resultat vi er godt nøgde med!  

Espen Wensaas, Solfrid Nestegard Gjeldokk og Lars Inge Tverberg er alle musikarar frå Geilo, og har i gjennom mange år samarbeidd på ulike musikalske prosjekt i Hol kommune, og ofte kring høgtider som jul, nyttår og påske. Plata vart spelt inn i januar 2023 hjå Hallibakken plateproduksjon på Nesbyen. Tuva Syvertsen (kjent frå m.a. Valkyrien Allstars) har vore produsent for plata, og bidreg også med koring.  

For å markere platesleppet vert det ein mini-turné i Hallingdal. Sjølve platesleppet blir på ungdomshuset Solhov på Ål 1. desember, med påfølgande konsert i Skurdalskyrkja 2. desember. 

Medverkande på turnéen er:  

Solfrid Nestegard Gjeldokk – Vokal  

Espen Wensaas – Gitar, cittern 

Lars Inge Tverberg – Tråorgel  

Johan Hedin - Nøkkelharpe 

Tilbake