I Hol gamle kyrkje

Sommarkveld i gamlekyrkja 2018

Kvar tysdag i heile juli
13. Mai 2018
Me er rimeleg storfornøyd med årets program; Sondre Lerche, Kari Rueslåtten, Erlend Apneseth & Hans Hulbækmo, Hilde Karlsen og Anne Vada & Kjetil Bjerkestrand. For nokon flotte konsertar det vil bli i gamlekyrkja denne sommaren!

Sommarkveld i gamlekyrkja er ein tradisjonell konsertserie som går av stabelen kvart år i heile juli månad og byr på ei variert blanding av musikk med lokale, nasjonale og internasjonale artistar.

Hol gamle kyrkje ligg i Hol, ei lita fjellbygd øvst i Hallingdal med sine ca 400 innbyggjarar. 15 km frå Geilo og 15 km frå Ål. Kyrkja er opprinneleg ei stavkyrkje frå om lag år 1200, men det er berre apsis i aust som er att av den gamle kyrkja. Seinare var det utbyggjingar på 1500 talet, 1697 og 1799 då ho fekk den forma ho har i dag.

Billettsal

Det er enkelt å kjøpe billettar til Sommarkveld i gamlekyrkja på www.hallingbillett.no Følg billettlenkene fra vår programside. Det er også sal i døra ein time før konsertstart.

PS. Kyrkja er lita, så ved enkelte av årets konsertar er det lurt i bestille billettar i god tid!

Sommarkveld i gamlekyrkja 2018

Etter konsertane blir det som vanleg servert kaker, kaffe og saft på kyrkjebakken.

Velkomen til intime møte med stor musikk!

Programmet utigs med forbehold om eventuelle feil og endringer. Se hele programmet under menyvalget Aktuelt og Kalender, eller ved å trykke her.