Alle rettigheter 2019 Hol kirkelige fellesråd

Sommarkveld i gamlekyrkja 2019

Sommarkveld i gamlekyrkja er ein tradisjonell konsertserie som går av stabelen kvart år i heile juli månad og byr på ei variert blanding av musikk med lokale, nasjonale og internasjonale artistar. Her kan du lese mer om årets artister.

Rune Alver / foto: Anna-Julia Granberg

Rune Alver - tirsdag 9.juli

Pianisten Rune Alver har lang fartstid som utøver av Griegs musikk på Edvard Grieg Museum Troldhaugen. Han har omfattende konsertvirksomhet som solist og kammermusiker med konserter i mange europeiske land, Russland, Kina og Sør-Afrika. I 2013 debuterte han med solo-recital i Carnegie Hall, New York. Rune Alver samarbeider med fremtredende musikere, skuespillere og billedkunstnere i tradisjonelle og mer eksperimentelle former. Han har spilt inn en rekke kritikerroste CD-er, deriblant hele Johannes M. Rivertz´ og David  Monrad Johansens klaverproduksjon. Signe Lunds komplette produksjon for klaver kommer i 2020 i anledning 70-årsminnet for komponistens bortgang (Lawo classics).

På denne sommarkvelden i gamlekyrkja får vi høre kjent musikk av Edvard Grieg i kombinasjon med smakebiter av hans yngre komponist-kollegaer Catharinus Elling og Signe Lund.

Biletter: 220,- https://www.hallingbillett.no/arrangementinfo.aspx?id=1606

Toradertrioen

Toradertrioen - tirsdag 16.juli

Toraderen hadde vore mykje nytta rundt omkring på bygdene då tre karar frå Ål midt på 70-talet byrja med noko heilt nytt, nemleg fleirstemt samspel på torader. Desse tre, Thorleif Stave, Ola Rygg og Oddvar Fingarsen hadde spelt ein del i lag to og to, men no fann dei saman i den friske trestemt-klangen som skulle bli varemerket til Toradertrioen frå Hallingdal, og som på mange måtar sette standarden for runddansmusikk på torader i orkestersamanheng.

Dei fekk med seg gitar og bass, og snart kom tilbodet om platekontrakt. Det vart etterkvart fleire plater – fem i alt, og desse selde til sølvplater, gullplater og det vart Spelemannspris. Knapt noko anna gamaldansorkester har sett eit så tydeleg fotavtrykk. Sjølv i dag, 45 år etter oppstarten, blir Toradertrioen trekt fram som stilskapar og inspirasjonskjelde for nye generasjonar  toraderspelemenn og –kvinner.

Besetningen me møter i dag er primus motor Thorleif Stave og Oddvar Fingarsen som begge har vore med heilt frå starten, Jostein Sørbøen som kom inn i 1979 etter at Ola Rygg måtte prioritera lensmanns-embetet framfor speleoppdrag og Tore Løvgreen som kom inn og forsterka laget sist på 70-talet. Eit av Noregs beste gamaldanskomp med Terje Tandberg på bass og Tor Bekkelund på gitar gjer lydbiletet komplett. Med dette skulle tonen vera sett.

Billett 220,- https://www.hallingbillett.no/arrangementinfo.aspx?id=1582

Tove Bøygard / Foto: Gunhild Bøygard

Tove Bøygard - tirsdag 23.juli

Tove Bøygard er kjent for sine sceneopptredener med sterke melodier og tekster på hallingdialekt. Hun har gitt ut seks album med eget materiale som alle har høstet ovasjoner fra en samlet musikkpresse, således er hennes siste album «Jord» intet unntak. Både oppmerksomheten og mottagelsen på denne plata har vært overveldende, og musikkskribentene enes om at dette er et solid mesterverk.

I 2009 var Tove og søsteren, Anita Bøygard, å spilte i gamlekyrkja. Vi er så glad for at hun er tilbake – for en konsertopplevelse med Tove Bøygard setter sine spor hos tilhørerne.

Billett: 220,- https://www.hallingbillett.no/arrangementinfo.aspx?id=1583

Carl Petter Opsahl / Foto: Ann Iren Øverby

Jo Asgeir Lie og Carl Petter Opsahl - tirsdag 30.juli

Jo Asgeir Lie og Carl Petter Opsahl har kvar for seg markert seg tydeleg i norsk musikkliv innanfor ulike sjangrar dei siste to tiåra. Dei musikalske vegane deira har kryssa kvarandre gjennom mange år, og i 2010 skreiv og oppførte de bestillingsverket "Vinden blæs dit den vil" for folkemusikkveka på Ål.

No set dei seg føre å presentere tradisjonsmusikk på klarinett og trekkspel, med utgangspunkt i tradisjonsmusikken i Gudbrandsdalen, og klarinett-tradisjonen som ein finn spor etter der. Sjølvsagt på deira eigen måte!

Klarinett var i tidlegare tider eit mykje brukt instrument i Gudbrandsdalen, ved sidan av fela.

Klarinettradisjonen i Gudbrandsdalen er på langt nær så kjend som tradisjonen på fele. Samstundes var det ei tid i musikkhistoria der det var viktig å kunne spele både klarinett og fele dersom ein skulle vere spelemann: bruremarsjen skulle nemleg spelast på klarinett!

Dei har undersøkt arkiv og oppteikningar og leitt etter spor av klarinetten i tradisjonsmusikken. Eit knippe av desse slåttane har dei no arrangert for klarinett og trekkspel.

Carl Petter Opsahl har også gått djupt inn i salmetradisjonen i Gudbrandsdalen. Som student ved Ole Bull Akademiet i 2016-2018 fekk han høve til å dykke ned i gudbrandsdalstradisjonen, og fann på vegen ei skattekiste av salmetonar og lite brukte former av meir kjende salmar. Kombinasjonen av verdsleg og sakral musikk fylgde menneska i Gudbrandsdalen gjennom livet, og det er også ei slik reise Opsahl og Lie ønskjer å ta publikum med på i denne konserten. Danseslåttar blir sett saman med salmetonar, bruremarsjar og bånsullar- musikk som speglar sjølve livet.

Billett 220,- https://www.hallingbillett.no/arrangementinfo.aspx?id=1584

Hol gamle kyrkje ligg i Hol, ei lita fjellbygd øvst i Hallingdal med sine ca 400 innbyggjarar. 15 km frå Geilo og 15 km frå Ål. Kyrkja er opprinneleg ei stavkyrkje frå om lag år 1200, men det er berre apsis i aust som er att av den gamle kyrkja. Seinare var det utbyggjingar på 1500 talet, 1697 og 1799 då ho fekk den forma ho har i dag.

Arrangør for sommarkonsertane er Hol og Hovet menighetsråd i samarbeid med kyrkjemusikaren i Hol.
 
Tilbake