Du er herForside>Våre kirkelokaler>Gamlekyrkja i Hol

Hol gamle kyrkje

"Hol gamle kirke fylder akkurat sin plads i dalsenkningen som prikken over i-et" skreiv riksantikvar Harry Fett i 1916. Den vesle, brunsvidde kyrkja har vore det sentrale bygget i Holsbygda sidan tidleg på 1200 talet, og har alltid hatt ein heilt spesiell plass hjå alle holingar.
Fakta om gamlekyrkja i Hol
Byggeår 1200-tallet
Byggestil Opprinnelig stavkirke,
men forandret flere ganger
Forandringer 1500-tallet, 1697, 1798-99
Motiv for altertavle Nattverden
Regelmessige
gudstjenester
Nei
Sitteplasser 180
Adkomst  
Kirken ligger like ved RV50 i Hol
 
Avgifter for bryllup
Kun juni, juli og august
Fastboende Gratis
Tidl. fastboende kr. 2.500,-
Øvrige kr. 5.000,-

Lysbildefremvisning
fra Hol gamle kyrkje

I følgje tradisjonen er dette den 3. kyrkja som er reist i bygda. Den eldste sto i Kyrudalen ("kyrkjedalen") og vart teken av jordras, den andre sto ved Tingvoll like vest for noverande Hol kyrkje.

Gamlekyrkja slik den ligg i dag er ei kyrkje som er bygd ut fleire gonger ettersom folketalet i bygdene auka. Apsis i aust er det som er att av den opprinnelege stavkyrkja frå om lag år 1200. Seinare foregjekk det utbyggingar på 1500 talet, 1697 og 1799 då den fekk den forma den har i dag.

Eit større restaureringsarbeid vart gjennomført under leiing av arkitekt Halvor Vreim frå 1938 og avlsutta med at steinmurane vart mura opp att under leiing av Ola Grostølen i 1953/54. (Han var då 86 år gamal).

Kyrkja hadde tidlegare tak av spon, men i åra 1838-40 vart det lagt det helletaket som den har i dag. Det var også svalgangar på kyrkja inntil 1697, dei vart rivi i samband med utvidinga av kyrkja. Same året vart også det våpenhuset (inngangspartiet) kyrkja har i dag bygd.

Låsen i utgangsdøra er laga av låssmeden Svein Torgerison erset (f. 1788). Golvet i kyrkja består stort sett av stavar frå den gamle stavkyrkjedelen.

Kirkerommet i Hol gamle kyrkjeKirkerommet i Hol gamle kyrkjeInteriørmessig er det lite som minner om at du er i ei middelalderkyrkje. Det skuldast delvis alle ombyggingane, delvis at mykje av det som framleis fins av middelalderinteriør, er samla i Universitets oldsaksamling.

Men vi finn i alle fall ei klokke frå middelalderen, ei kiste og ein stolpe med treskurd som er plassert ved alteret. Preikestolen er frå 1697 og kosta i si tid 14 riksdaler. Den hadde opprinneleg ei vindeltrapp opp, men den vart borte i samband med flyttinga av preikestolen over altaret i 1798-99.

Altertavlen i Hol gamle kyrkjeAltertavlen i Hol gamle kyrkjeAltertavla er frå 1703. Den vart gitt til kyrkja av sogneprest Engelstrup og akantusfelta er sannsynlegvis skore av bildehoggaren Hans Foed frå København. Med denne kom barokken til Hol. Alterringen er sannsynlegvis frå 1798-99, døypefonten frå 1697.

Det var tidlegare flotte benkar med utskjæringar i kyrkja, ein av dei er bevart på UO. Det var 36 slike i kyrkja. Dei fremste i bygda hadde sine spesielle stolar, og reister etter lensmannsstolen er bevart på kyrkjeloftet. Alle stolar vart fjerna i 1882 og det vart sett inn nokre enkle stolar med open rygg. Dei noverande benkane er sett inn i 1950.

På galleriet (ivilaupet) finn vi benkar frå 1882. Galleriet vart bygd i 1697, men utvida til noverande storleik i 1798-99.

Ting i kyrkja ellers

Alterduk med motivet livets tre og dei kloke og dei dårlege jomfruene, 2 temmelig store messinglysestakar, eitt par store trestakar frå 1703. Den noverande lysekrona er gitt av sogneprest Hofgaard som tok med seg den som var der då han flytte til Sigdal i 1801 - han var ikkje fornøgd med løna han hadde fått!

Den opprinnelege var gitt til kyrkja i 1727. Av kyrkjeklokkene så er den minste frå middelalderen, den andre frå 1731.

Christian 4. bibel er gitt til kyrkja av tidlegare sokneprest i Hol, Einar Høyer i 1939, og er frå 1632. Her er også ei kiste frå middelalderen, flotte skåp frå renessansen, to renessansestolar og ein barokkstol for å nemne noko av det du kan sjå i kyrkja.

Spesielle hendingar/sermerke

Gamlekyrkja i Hol. Foto: Marius Them-EngerGamlekyrkja i Hol. Foto: Marius Them-EngerUrinrende: Maken til urinrenna på Hol gamle kyrkje fins sikkert ikkje nokon stad i landet - kanskje ikkje i verda ellers heller! I 1830-40 åra var det Stenersen som var sokneprest her, og han var kjent som ein mat-og drikkeprest.

Tor Villand var ei tid kyrkjetenar under Stenersen, og Tor var også glad i drikke. Det hende nok at naturen kravde sitt under dei lange gudstenestene, og Tor Villand fekk Tor Hago til å laga ei urinrende i 1841. Den løyste problemet. Over renna står det skrivi:

Hør Prest og klokker her lad eders vand udrinde
Det helbred skader vist at trenges hårdt dermed.
Til Eders gavn den rende er beredt.
Den kaldes skal Tor Knudsen Willands minde"

(Skrevet i 1841 av Stenersen, sogneprest)

På urinrenda står det skrivi:
"Brukt 1.ste gang 3.die søndag trinitatis"

Branntilløpet

Gamlekyrkja var utan fyring fram til 1879 då den første omnen vart sett inn, den andre kom i 1893. Dei vart fjerna i samband med restaureringa (1938-54). Juledagen 1920 skulle det som vanleg vera høgtidsmesse, og Ådne Halingstad, som var kyrkjetenar sytte for fyringa frå tidleg morgon slik at kyrkja vart varm til messa tok til.

Det var ein svært kald juledag, og Ådne måtte fyre hardt for å få varmen i kyrkja. Omnsrøyra gjekk rett gjennom taket, og midt under messa merka Ådne at det hadde begynt å brenne i taket. Ådne var ein svært lettført kar, og han reagerte med eingong med å springe opp i kyrkjetårnet, kaste seg ut gluggen og reiv opp hellene og spona rundt det glovarme røyret.

Det var skikkeleg fyr, og Ådne kasta på snø og tok av seg jakka for å kvele elden. Det var mykje snø på taket, og elden vart sløkt. Ådne Halingstad redda gamlekyrkja. Han fekk øydelagt både klede og skor, men ein søknad til Hol kommunestyre om å få erstatta dette, vart avslegen (det dreide som om 25 kr). Beløpet vart betalt noko seinare.

De neste dagene

Fredag 18. April,
10:30Påskegudstjeneste Ustaoset grendehus
Hansen.
12:00Påskegudstjeneste Hakkesetstølen
Granli. Dåp.
12:00Påskegudstjeneste Haugastøl grendehus
Hansen.
19:00Kveldsmesse Hovet kyrkje
Jensen. Kirkeskyss tlf 99 21 26 99.
20:00Kveldsmesse Skurdalskyrkja
Granli. Kirkeskyss tlf 90 78 76 44.
 
Søndag 20. April,
11:00Høytidssgudstjeneste Geilo kulturkyrkje
Granli. Ofring til Geilo kulturkyrkje.
11:00Høytidsgudstjeneste Hol kyrkje
Hansen. Ofring til Kirkens Ressurssenter mot vold og overgrep. Kirkeskyss tlf 91 70 06 04.
 
Onsdag 23. April,
19:00Onsdagskveld i Geilo kulturkyrkje
Åpen kirke kl 19-20.30.
 
Torsdag 24. April,
19:30Fjellklang - konsert i Geilo kulturkyrkje
Klassisk konsert i regi av kulturskolene i Hallingdal. Hovedartist: Frøy Hovland Holtbakk.
 
Søndag 27. April,
11:00Gudstjeneste Hovet kyrkje
Lie. Ofring til KRIK Hovet. Kirkeskyss tlf 91 58 35 19.
 
Onsdag 30. April,
19:00Onsdagskveld i Geilo kulturkyrkje
Åpen kirke kl 19 - 20.30.

Programmet utigs med forbehold om eventuelle feil og endringer. Se hele programmet under menyvalget Aktuelt og Kalender, eller ved å trykke her.