Kulturprogram i kulturkyrkja

Plateslepp med ein 86-årig platedebutant:

Isung Familie Band

Geilo kulturkyrkje, søndag 23.april 2017 kl 17:00
Sverre Isungset har vore ein av Hallingdals mest populære spelemenn. Han trakterar trekkspelet på ein måte som få andre meistrar. Han spelar ragtime, swing, jazz, latino, pop-slagerar, evergreens og gamaldans. No blir det plateslepp med ein 86 årig platedebuntant!

Isung Familie Band

 

Sverre har fått publikum ut på dansegolvet utallige gonger på dei fleste samfunnshus, hotell og grendehus i dalen. Han har og vore musikar på ei rekke teater og cabaretforestillingar, han har spelt kyrkjemusikk og vore aktiv i Hallingdal Trekkspelklubb.

 

Sumaren 2016 vart Sverre og familien invitert til å spele på Fauskivalen i Hemsedal. Då fann Sverre fram mange av dei mest kompliserte låtane frå det repertoaret han spelte på 50- og 60-talet. Med seg i bandet fekk han sønnene Terje på trommer, Vidar på bass og odd på gitar. Terjes dotter Iselin vart med på trombone og hennar kjæreste Lyder Øverås Røed vart med på trompet.

 

Sverre fekk altså sin festivaldebut som 85-åring.

 

Sverre Isungset: Trekkspel

Odd Isungset: Gitar

Vidar Isungset: Bass

Iselin Isungset: Trombone

Lyder Øvreås Røed: Trompet

Terje Isungset: Trommer


 

Geilo kulturkyrkje

Søndag 23.april 2017 kl 17:00

Billettpris: kr 220,- (inkl.bill.avg.)

Billetter kjøper du på

Isung Familie Band