Før postludiet (utgangsmusikken) kan det vere eit musikkinnslag eller ein salme. Ved gravferder og ved sørgjehøgtider andre stader enn i krematoriet, blir kista boren ut under postludiet. Det er vanleg at representantar for den nærmaste familien eller vener av avdøde er med og ber kista.

Ved kistegravferd er det også skriftlesing ved grava før presten ber ei bøn og kista blir senka. Så følgjer jordpåkastinga. Deretter les presten eit ord frå Bibelen før han eller ho les velsigninga og alle syng ein salme. Ved bisettelse for kremasjon kan jordpåkastinga skje i kyrkja/kapellet. I krematoriet har ein nedsenking etter siste salmen, deretter følgjer jordpåkasting, skriftord, velsigning og salme.

Retning for sorga
Gravferda er viktig for eit reelt kjenslemessig avskil med den døde. Saman med ei båreandakt og eventuelt det å stelle den døde, kan gravferda gi sørgjetida ein god start. Gravferda kan gi sorga ei retning kan omdanne sorga til ein ressurs i livet til den einskilde. Minneord, kransepålegging, lystenning, skriftlesing og bøner gir dei som er med, høve til å markere gravferda som ei viktig hending i familien og venekrinsen.