Sudndalen

Sudndalen var den minste av dei ”gamle” skolekretsane. I 1900 budde det berre 123 menneske i kretsen, og i 1946 hadde talet minka til 81. Det jamne lagsarbeidet vart halde i gang utan særleg hjelp frå læraren. Ei tid i 1920-åra kom Anders T. Moen oppover frå Hovet og samla ungane til søndagsskole på skolehuset. Det same gjorde Halvor Hansehaug i 1940-åra.

SudndalenElles heldt Randi Holestøl søndagsskole i 1930- og 1940-åra. Saman med Sissel Mjelde dreiv ho også barneforeininga ”Sunlilja”, som var knytt til Santalmisjonen. Gurid Berg, fødd i 1920, minnest at det var i gang misjonsforeiningar for Det norske misjonsselskap og for Santalmisjonen. Under krigen vart det stifta ei ny foreining for Sjømannsmisjonen. Sokneprest Fladmark var ein varm talsmann for denne misjonsgreina og fekk i gang minst fem foreiningar spreidd utover i prestegjeldet.

Sudndølingane støtta opp om alle tiltak som kunne halde bygda saman. Dei arbeidde såleis lenge for eigen kyrkjestad. Det ønsket levde vidare etter at kyrkja i Hovet stod ferdig i 1910. Olav Kvanneberg stod i brodden for ei innsamling til ”kyrkje og forsamlingshus”. Det vart arrangert basarar med god oppslutning.

I 1929 kom Knut Helgesen Skaro heim ein tur frå Canada. Han hadde reist ut som ung og hadde bygd seg opp ein liten formue som farmar. Han var ugift og ville gjerne gi ei gåve til heimstaden. I alt gav han 5.000 dollar, som utgjorde 36.600 kroner i norske pengar. Det vart gitt gratis tomt til huset der Hallingskarvet hotell vart bygd seinare.

I 1943 sette Olav Kvanneberg på nytt i gang innsamling til forsamlingshus. Men heller ikkje denne gongen vart tanken fullført. I 1961 vart skolehuset ledig, og grenda vart einig om å bruke av amerikagåva og dei innsamla pengane til å sette huset i stand som ”grendehus”. Det er gudstjeneste i huset to gonger i året.