Kulturprogram i kulturkyrkja

Utstilling:

Gunnveig Nerol - "Utanfor og innanfor"

Utstillingen i kunstgalleriet står til 27.8.2017 i Geilo kulturkyrkje
Gunnveig Nerol stiller ut bilete i Geilo Kulturkyrkje og viser nye måleri og material arbeider. Tittelen på utstillinga er "Utanfor og innanfor", og er frå ein serie måleri.

 

Gunnveig Nerol - "Utanfor og innanfor"

 

"Utanfor og innanfor" 2, 85,5 x 100 cm, olje på lerret, 2017.

 

 

Nerol arbeider ofte med seriar eller fleire bilete med same tittel og tematikk.

Dette for å vise variasjon og breidde innanfor ei problemstilling.

Tittelen "Utanfor og innanfor" fortel og litt om det å arbeide med bilete.

Ein kan nærme seg noko frå fleire sider gjennom det visuelle språket.

Nokon eintydig framstilling blir ikkje gitt i Nerol sine måleri, meir samansetting av delar, der den som ser kan tenke vidare.

Gunnveig Nerol arbeider innanfor eit abstrakt uttrykk.

Å sjå abstrakt på den konkrete og konkret på det abstrakte, gir ein fridom i biletskaping ho søker. Biletarbeid er og eit materiale å reflektere i.

 

Gunnveig Nerol bur og arbeider i Hol.

Ho har utdanning frå Kunstskulen i Kabelvåg, Vestlandets Kunstakademi og Kyoto City College of Fine Arts.

Ho har utført fleire større utsmykkingsoppdrag, og delteke på nasjonale og regionale utstillingar.